Om Kvast

Anja Aga Ramstad, innehavar av Kvast

Kvast held til i Angedalen og drivast av Anja, ein tidlegare lærar som fann blomstergleda!

Kvast handlar om den fantastiske variasjonen i blomsterverda. Det finst så mange blomster der ute, og det er for gale om vi ikkje kan nytte dei. Og eg vil nytte dei - i ditt bryllup!

Derfor finn du ikkje tradisjonell design og tradisjonelle blomster her. Du får unike blomster skreddarsydd til deg og dine behov og ønsker. Om ikkje blomstene kjem frå blomstergarden i Angedalen, kjem dei frå ulike stadar i Europa og ein sjeldan gong frå Mellom- og Sør-Amerika og Afrika.

Det er på tide å finne tilbake til naturen i blomsterdesign og la blomstene utfolde seg! Eg tek meg god tid for at det skal bli perfekt, for deg og for blomstene. Når eg designar gjer eg det ut ifrå farge, form og tekstur, med dei mest interessante, unike og særskilte blomstene.

Og alt er så miljøvenleg som mogleg. Blomsterindustrien står blant anna for voldsomme mengder utslipp av mikroplast laga av petroleum, men Kvast nyttar ikkje desse produkta. Alt blir resirkulert, og det mest miljøbevisste valet blir alltid tatt.

Du kan lese meir om min miljøprofil her.